Sunday, June 24, 2007

St. Hans feiring.

Ja då var det lenge sidan sist att. Sanninga er at eg har heilt gløymt å ta bilder, så då var det ikkje mykje å vise fram. sidan sist har det vore 17 Mai (HUrra), eg har vore i Danmark, planlagt haustens SOE i lag med staben. Besøkt Lars Marius i Randers og talt på skola hans. Tatt Danskebåten heim. Vore i Stavanger hkå Ekki, blitt møtt på Sola flyplass med stort norskt flagg (etter 40 minutt flyttur....), snakka til og blitt kjent med ungdommane hans. Så har me kjøpt fengselet som UIO har base i, i Skien, hatt konsert der (ikkje eg altså) og avslutta UIO året.
No er eg på ÅL, og i går var dt St. Hans. Sjølv om det regna tente me stort bål og grilla under ein stor pressenning (ikkje bålet so klart). Etterpå lagde me tønne hopp. Dvs, byggde eit hopp i skråningen og kasta tomme tønner ned den så dei hoppa på hoppet. Etterpå hoppa Tor Erling med rattkjelke.
This is Aal - its Aal or nothing.